Turkis
I anledning oppussing av torget i Molde er det også plassert et kunstverk der. Ikke uventet skaper det en del uenighet. Jeg syns det var kreativt og spennende.

Molde er kjent som den blå byen, men nå også den turkise byen. Alt i alt et mer fargerikt og spenstig sentrum..

Den lokale forfatter Øystein Hauge skrev dette diktet om det nye kunstverket:

STÅLBOGESKRIFT I GLOSENES BY

Det er heilt i
starten av ei
regnbyge og det
turkisgrøne:
Endå meir
turkisgrønt enn
før regnet. Ein
virvelvind av
bokstavar dregne ut i
eit språk under språket
som i draumar og
andre distraksjonar
Ein turkis eld
nattevakande over oss
Bokstavar
lange som den lengste
Mahlersymfonien
Formskrift
Notelinjer


Togetherness. Eller
Gesamtweltbild
slik det heiter hos
surrealisten og dadaisten
Schwitters. Byens første
fribykunstnar nittenførti
Samvære og Gesamtweltbild
To sider av same saka
Barnets begynnande
blågrøne handskrift. Byens
festskrift til kvardagen!
Men også ei samanhangande
klageskrift. Eit nidskrift
frå dei som heller ville hatt ein
kubbestol dei kunne ha
kvilt rygg og føter i
For kven er vi?
Dette evige
spørsmålet vi
ikkje kan vente oss
noko svar på i
kveld eller i
vår levetid


Turkis. Fargen du må
heilt til New Mexico
Sibir eller Peru for å
finne. Turkis
som i Navahoindianarsmykka
blågrøne. Men no også i
Moldes første arrondissement
Molde som blant
byane her i landet over
natta er blitt den i gata
med det villaste julehuset!
Alt takka vere söta bror
Jacob som med si
stålbogeskrift i
Glosenes by skriv
noko vi
Tranströmertru
sporenstreks
sjølvsagt ser er
fragment av
partituret til det
verdskjende diktet
«C-dur». Eit dikt i
skrift og notelinjer
I lydskrift
Break of Day i bass-
firedels- fot- og unoter
vekslande mellom
tidssoner av ulike
lydspor når du klokka
fire ein sommarmorgon sit og
vippar på kanten av alt det
blågrøne og morgonskodda
er det einaste du
høyrer bortsett frå
Jazzguten då som i
sommarnatta staver seg
gjennom notelinje etter
notelinje vendt mot
Rosejenta lenger oppe…
Togetherness.
TGTHRNEEEEEESSSSS dette
ursonatistiske samværet
Kunstinstallasjonen i
Moldes første arrondissement
som har fått i oppgåve å
beskrive det ubeskrivelege:
Eit stearinlys i solsteinken
vrengt og
hundre gonger forstørra
Ei gammal LP-plate frå syttitalet
støypt i blågrøn vinyl og
strimla opp, festa for
alltid med boltar i
mellomgolvet


Slik kontinenta
kviler på store plater kviler
stålteksten på byens
møteplate. Kiler
seg inn mellom
furene i livet vårt ulikt
alt anna i byens
rom som har ein tendens til å
kile seg inn. Djupt inn.

Gutenberg!
Hadde han levd ville han
sporenstreks ha flytta hit
til stålbogeskrifta i
Glosenes by
  • Versjoner:
  • Versjon #1
    Original
  • Lagt inn: 2020-07-03 19:24:42
    Versjon #2
  • Lagt inn: 2020-07-03 19:25:19
    Versjon #3
  • Lagt inn: 2020-07-03 19:26:12
    Versjon #4
Utstyr
  • iPhone 11
  • -
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriGatefotografi
  • Lastet opp
  • Visninger53
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_1122822} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (5)
Emil C.
Greit gate foto,Friske og klarer valører
Keshav N.
Flott bybilde ledsaget av dikt. Fine farger. Velger V1 her.
mvh Keshav
Roar K.
Flott serie og ikke minst dikt som løfter det hele og dermed er kanskje Molde kjent som rosenes by en saga blott?

Roar
Hans Rich. A.
Her går det visst i skjønnskrift. Liker fargene og personlig synes jeg V2 kom best ut.
Mvh Hans Richard
Agnar H.
Mange takk til Emil, Keshav, Roar og Hans Rich. for kommentarer til den nye kunsten på torget i Molde. Fortsatt rosenes by Roar, men nå også glosenes by. Jfr diktet av Øystein Hauge.
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu